Prisen på straum i Sør-Noreg har auka kraftig på ei veke. – Eg trur det blir høge prisar ut januar og inn februar, seier kraftanalytikar Ole Tom Djupskås.

På årets første dag låg prisen på 27 øre kilowattimen. Ei veke seinare, fredag formiddag, var prisen 80 øre i snitt. Dette er før kostnadene for nettleige og avgifter er lagt til, skriv E24 , som viser til tal frå Nord Pool.

– Det som har skjedd er at det er ei stor endring i vêrprognosane. Heile hausten, november og desember, var veldig våt og mild, med rekordhøg magasinfylling. Men no er det veldig kaldt og tørt og det vil det truleg vere heile januar og godt ut i februar, seier Djupskås, som er analytikar i konsulentselskapet Refinitiv, til NTB.

Må få straum frå Europa

Han seier vasskraftproduksjonen køyrer for fullt, men det er ikkje nok til å dekkje behovet her heime no som kulda har sett inn.

Dermed må det hentast straum frå utlandet og dei europeiske straumprisane påverkar dei norske. Dei er høge mellom anna fordi det er kaldt og dessutan lite vind, slik at det blir produsert lite vindkraft.

– Prisane her heime blir påverka av forholda i resten av Europa, sidan kraftmarknadene er tett kopla saman. Når tilgangen på fornybar energi går ned og etterspurnaden går opp, stig prisane, seier informasjonssjef Aslak Øverås i organisasjonen i kraftbransjen Energi Norge.

Han meiner vi må vere førebudde på større svingingar i straumprisane i åra framover, på grunn av meir variabel vind- og solkraftproduksjon i Europa.

Djupskås trur vi vil ha høgare straumprisar i heile 2021 enn vi hadde i fjor, då vatnet fløymde og fylte magasina. Det førte til historisk låge straumprisar.

Prisane i år vil bli meir «normale», trur Energi Norge.

Billegare i nord

Det er likevel stor forskjell på straumprisen i sør og i nord. I Nord-Noreg er prisen nede på 34 øre kilowattimen fredag, ifølgje E24.

– Låge prisar i Nord-Noreg kjem av at det ikkje er nok kapasitet på kraftlinjene sørover og over grensa mot Sverige. Då blir låst overskotskraft inne i marknaden, noko som pressar prisane ned, forklarer Øverås i Energi Norge.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriv i den første vekerapporten sin i 2021 at Noreg har vore nettoeksportør av kraft i 49 av dei 53 vekene i fjor.

I nyttårsveka auka straumprisen med 50 prosent samanlikna med veka før. Den gjennomsnittlege kraftprisen i veke 53 var 23,3 øre per kilowattime.