På Linja sine heimesider kjem det fram at det er straumbrot på Bulandet og Værlandet onsdag ettermiddag.

– Det er utfordrande vêr på kysten og vi har fått ein skade på grunn av vinden, seier Christin Hagevik Aare, seniorrådgjevar for kommunikasjon i Linja.

Skaden skal ha skjedd ved ferjekaia. Først var det 304 kundar som vart råka av straumbrotet.

Hagevik Aare fortel at personane på Bulandet skal ha fått tilbake straumen. Det jobbast med å rette opp i feilen slik at dei som er råka på Værlandet også får straumen tilbake. Det er berre 14 kundar som no er utan straum.

– Dei sikra seg inn på eit par timar, seier ho.

SISTE: Alle husstandar skal ha fått straumen tilbake. Her kan du lese om reparasjonen: