Gå til sidens hovedinnhold

Strammar inn laksefiske i elver i Gloppen

Miljødirektoratet strammar inn laksefiske i vassdrag rundt Nordfjord og Namsfjorden. Grunnen er lite laks i elvene.

– For å beskytte dei sårbare bestandane av den viktige laksen, og for å sikre mogleg laksefiske i framtida, er vi dessverre nøydd til å avgrense årets fiske, seier Lovise Marie Vårhus, fungerande seksjonsleiar i fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Innstramminga skjer fjorten dagar før ordinær fisketid.

Tal frå Norsk institutt for naturforsking viser at lakseinnsiget kring Nordfjord i Vestland og Namfjorden i Trøndelag er om lag halvert samanlikna med gjennomsnittet i perioden 2016–2019. Det er med bakgrunn i denne informasjonen Miljødirektoratet vel å stramme inn laksefisket i desse områda.

Innstramminga gjeld desse vassdraga:

Nordfjord

  • Gloppenelva
  • Hopselva i Hyen
  • Ryggelva
  • Åelva
  • Hjalma

Namsfjorden

  • Salvassdraget (inkl. Moelva)
  • Aursunda
  • Bogna
  • Namsen

p (©NPK)/p

Les også

Insektsommar: La vevkjerringane vere i fred – dei ryddar opp

Les også

To krigsskip og ti fiskarar kunne ha stogga planane – Men no har Mads (18) lansert sin første kleskolleksjon

Les også

Dei har funne den perfekte plassen for eit biogassanlegg på Byrkjelo

Kommentarer til denne saken