Stortinget vil ikkje høyre på Hordfast-nei frå fylkespolitikarane

Av

Eit fleirtal på Stortinget vil gå i gang med å byggje fergefri E39 mellom Bergen og Stavanger, sjølv om i fylkespolitikarane ønskjer andre prioriteringar

DEL

Tysdag vedtek fylkespolitikarane i Vestland prioriteringslista si til Nasjonal transportplan 2022-2033, og på den står truleg ikkje fergefri E39 mellom Bergen og Stavanger.

Men dei borgarlege partia på Stortinget vil starte bygginga uansett kva lokalpolitikarane meiner, skriv NRK. Planlegginga av E39-strekninga med den lengste flytebrua i verda har komme for langt. Både Høgre, Frp, KrF og Venstre står på at dei vil byggje i løpet av kort tid.

– Venstre meiner framleis at Hordfast er ei av strekningane der ferje skal erstattast med bruer. Det same gjeld Rogfast i Rogaland og Møreaksen i Møre og Romsdal på E39, seier stortingsrepresentant frå Venstre Jon Gunnes.

Overkjøringa frå Oslo provoserer lokalpolitikarane i Vestland, mellom anna SV.

– Det er ikkje pengar til alt, og då må ein prioritere det som er viktigast. Det er brei semje i heile Vestland om at ein må satse på rassikring og liv og helse før dei store fjordkryssingane, seier Marte Hammer i SV.

Artikkeltags