Gå til sidens hovedinnhold

Stortinget utsett for nytt IT-angrep – data henta ut

Stortinget er igjen ramma av eit IT-angrep. Angrepet er knytt til sårbarheiter hos Microsoft Exchange, som fleire verksemder er ramma av.

Stortinget kjenner enno ikkje det fulle omfanget av angrepet, men data er henta ut, opplyser dei i ei pressemelding.

– Stortinget er på nytt ramma av eit alvorleg IT-angrep. Vi kjenner enno ikkje det fulle omfanget av situasjonen vi står oppe i. Men vi veit at data er henta ut, seier Trøen på ein pressekonferanse på Stortinget, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.

Ho seier at angrepet er knytt til utnytting av sårbarheiter i Microsoft Exchange.

– Det er større og meir avansert enn det vi opplevde i fjor haust, seier Trøen.

– Dette IT-angrepet hadde potensial til å forstyrre Stortingets parlamentariske prosessar. Eg vil derfor seie at dette er eit angrep på demokratiet vårt, seier stortingspresidenten.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken