Gå til sidens hovedinnhold

Stortinget set i verk full skatterevisjon av representant-ordningar

Tysdag har Stortingsadministrasjonen sett i gang ein brei skatterevisjon av ordningane til representantane, der dei òg skal gå gjennom enkeltsaker.

Formålet er å gjennomgå enkeltsaker og vurdere om fordelar skulle vore pålagt inntektsskatt, med tilhøyrande arbeidsgivaravgift. Dessutan blir det utført ein brei revisjon av alle skattemessige sider ved ordningane for landets øvste folkevalde.

Advokatar frå Advokatfirmaet Grette er engasjert til oppdraget, som Stortingets direktør Marianne Andreassen vil at skal utførast raskt og grundig.

– Eg forventar at denne revisjonen skal gi oversikt over alle skattemessige forhold knytt til representantane slik at vi både kan rydde opp der det eventuelt skulle vore skatteplikt, og for at vi skal bli heilt trygge på at vi handterer skatteplikta korrekt framover, seier Andreassen i ei pressemelding.

Riksrevisjonen granskar ikkje på grunn av presidentskapet

Revisjonen kjem i etterkant av at ordninga med pendlarbustader har vorte slått stort opp i media. I samband med Aftenpostens avsløringar såg KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad ingen annan utveg enn gå av som partileiar og statsråd.

Til Aftenposten fortel riksrevisor Per-Kristian Foss tysdag kveld at Riksrevisoren ikkje sidan 2017 har gjennomført nokre kontrollar av Stortingsadministrasjonens etterleving av lover og reglar.

– I 2017 opplevde vi noko veldig spesielt. Vi hadde gjennomført to tredelar av ein revisjon om IT-tryggleik i Stortinget. Så opplevde vi at Stortingets presidentskap greip inn og sa stopp, seier Foss til avisa.

Riksrevisoren granskar heller ikkje pendlarbustad-saka.

– Normalt burde vi gått inn og granska denne saka. At vi ikkje opptrer som normalt, kan vi takke Stortingets presidentskap for, seier Foss.

– Vi meinte den gongen at Riksrevisjonen ikkje hadde heimel for å granske Stortinget, og at det var eit prinsipielt spørsmål ein måtte avklare, seier Olemic Thommesen, som var stortingspresident i 2017.

Kan ha brote lova

Fleire representantar har teke kontakt med spørsmål om dei skattemessige forholda sine, og Stortingets presidentskap har vedteke gjennomgang av reglane for pendlarbustadene, i tillegg til vurdering av moglege endringar i ordning for fratredelsytelse og etterlønn. Kontroll vil vere del av gjennomgangen.

Tysdag sa fagfolk til NTB at Stortinget kan ha brote lova ved ikkje å betale arbeidsgivaravgift av fordelar til representantar. Det same kan vere tilfelle for Statsministerens kontor (SMK) i Ropstad-saka.

– Det er viktig at Stortinget har ordningar for representantane som gjer at dei kan utøve det demokratiske vervet sitt. Alle skal ha moglegheit til å stille til val utan at det medfører store ekstrakostnader. Samtidig skal det skattemessige sjølvsagt blir handtert korrekt, seier Andreassen.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken