Stortinget samde om den andre økonomiske krisepakken

Av

Krisepakken skal styrke økonomien til kommunane, Nav og sjukehusa, kutta i arbeidsgivaravgifta og sikra studentar inntekt under koronakrisa.

DEL

– Vi er villige til å gjere alt som trengst for å sikra jobbar, bedrifter og velferda for folk. Det står ikkje på pengane. Derfor er Høgre glade for å på plass ei brei semje om hovudtrekka i den økonomiske krisepakken. Sjukehusa, Nav og kommuneøkonomien blir styrkte, arbeidsgivaravgifta blir senka med 4 prosentpoeng og studentar skal sikrast ei inntekt å leve av. Finansminister Jan Tore Sanner vil allereie fredag koma med ytterlegare tiltak, varslar parlamentarisk nestleiar i Høgre, Svein Harberg, som har forhandla krisepakken for Høgre.

Dette er nokre av hovudpunkta frå avtalen mellom Høgre, V, KrF, AP, Frp, SP og SV på Stortinget:

* Arbeidsgivaravgifta blir senka med 4 prosentpoeng i to månader.

* Nav, kommunar og helsevesenet skal kompenserast økonomisk for ekstrakostnader som følgje av pandemien.

* Regjeringa skal koma tilbake med ei mellombels ordning gjennom Lånekassen for studentar som får inntektsbortfall som følgje av korona-pandemien så raskt som mogleg.

* Regjeringa skal koma tilbake med forslag som kan sikra reduserte takstar på riksvegferjer for ein avgrensa periode.

* Nettundervisning frå vaksenopplæring, universitet, høgskular og fagskular skal gjerast tilgjengeleg.

Regjeringa har varsla at det kjem fleire økonomiske tiltak den 20. mars og 27. mars.

Kuttar arbeidsgivaravgifta

Innbetalinga av arbeidsgivaravgifta blir redusert med 4 prosentpoeng for første termin, altså to månader. Dette kjem til å kosta 10 milliardar kroner.

I Nord-Troms og Finnmark der dei har 0-sats på arbeidsgivaravgifta, skal det kompenserast i ein tilsvarande periode med 250 millionar kroner.

Artikkeltags