Like før klokka 15.00 søndag melde 110-sentralen Vest at det hadde gått eit ras på Taklo nær Nordfjordeid.

– Raset skal vere om lag 50 meter breitt, med både jord og stein, sa Jostein Steinsland-Hauge, vakthavande kommandør i 110-sentralen like etter meldinga kom.

Raset trefte veggen på eit hus, men gjekk deretter vidare ut i sjøen. 

Vest politidistrikt stadfestar at skredet er 50 meter breitt.

– Ein del jord og vatn har gått over vegen og mellom anna treft eit hus. Det er ingen høgde på raset, ettersom det har følgt terrenget og fordelt seg utover. 

I bustaden som vart treft var det to personar. Dei er ute og uskadde. 

– Brannvesenet og politiet er på staden. Vegen er stengd og geolog og kommunale ressursar er varsla. 

Har du bilde frå staden? Del dei gjerne med oss her.