Stort hopp i inntektene frå alkohol- og tobakksavgifter

Av

Stengde grenser under pandemien gjorde at inntektene til staten frå alkohol- og tobakksavgifter auka med til saman 3,4 milliardar kroner frå januar til august.

DEL

Det er ein auke på 19 prosent for alkohol og 34 prosent for tobakk, skriv P4.

Finansdepartementet skriv i ein e-post til P4 at det òg har vore ein reduksjon i taxfreesalget, ein auke i innanlands feriereiser, og dessutan stengde kantiner, restaurantar og utestader.

– Dette viser eigentleg kor mykje vi taper kvart einaste år med normal grensehandel, seier administrerande direktør Petter Haas Brubakk til NHO Mat og Drikke.

Tal frå analyseselskapet Nielsen viser at snussalet i Noreg auka med heile 46 prosent i perioden mars til juli, medan Vinmonopolet melde om salsauke på 32 prosent i første halvår.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken