Slik møter ordføraren stormen

Her er stormutrustinga til ordførar Melvær.

Her er stormutrustinga til ordførar Melvær. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

- Så langt har det ikkje vore ekstremt sterk vind her ute. Men vi er budde på at den kan auke på utover kvelden, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær som symbolsk har lagt ut ein oversikt på Facebook-profilen sin om korleis ho vil møte natta.

- Kommunen er godt budde på den situasjonen som kan oppstå viss stormen kjem for fullt. Vi har full beredskap, og har oppretta ei eiga resurssgruppa i Bulandet/Værlandet som er tilgjengeleg ved behov. Og den største utfordringa ligg i om vi får brot på straum- eller telenettet. Vi har fått melding om at SFE har dobla bemanninga i kommunen, og dei har tilgjengelege personar på Atløy og Værlandet, seier Melvær.

Satellitt-telefonar

I tilfelle eventuelt brot på telenettet, har kommunen to satellitt-telefonar. Den eine er stasjonert i Askvoll sentrum, medan den andre i dag er sendt ut til Værlandet/Bulandet.

Send oss dine stormbilder på Instagram med #Firdastorm

- Det er også utarbeidd ein strategi for oppfølgjing av beredskapen ved behov. Slik kan vi vere raskt ute dersom hendingar skulle oppstå. Det er også etablert kontakt med lokal lensmann og kriseleiinga hos Statens vegvesen, seier Melvær og fortel vidare:

- Vi har også god kontakt med øyane Atløy, Værlandet og Bulandet om korleis dei opplever stormen. Dessutan er det lagt ut tilgjengeleg informasjon på kommunen sine nettsider, seier Melvær.

På Facebook

På si eiga Facebook-sida har ho difor lagt ut bilde av ein del utstyr ho meiner folk bør ha tilgjengeleg når ein går ei stormnatt i møte.

- Dette er noko dei fleste bør ha klart i tilfelle vi får straumbrot eller brot på telenettet. Då treng ein fyrstikker, stearinlys, radio, hovudlykt og ikkje minst batteri av forskjellige typer. Vatn kan vere greitt å ha i tilfelle det blir brot på vassforsyninga. Og for min del så har eg også kokt opp to store kanner med kaffi og rask mat som Kapteinskjeks og frukt, seier Melvær med glimt i auge.

- Dette har vore eit vanskeleg ekstremvêr å forutsjå. I byrjinga så vart det sagt at det var Nordfjord som skulle få det største trykket, og så opplever vi no at vinden har vore tøffast sør for oss. Men uansett må vi vere budde på kva som kan skje til natta, seier ordføraren i kystkommunen og legg til:

- Ekstremvarselet er ikkje avlyst og vi held eit høgt fokus på beredskapen utover kvelden og natta, seier ho.

Full storm i fylket

At ordføraren har teke sin førehandsreglar er nok ikkje ein dårleg ide, for meldingane for Sogn og Fjordane dei kommande timane er at vinden vil auke enno litt til.

– Det vil komme til å blåse full storm, og kanskje sterk storm i ytre strøk, men det ser ikkje ut til å bli orkan i kveld, seier statsmeteorolog, Anne Solveig Andersen, ved Meteorologisk institutt.

Ho fortel at dei hadde målingar klokka 20.00 der vinden var oppe i full storm styrke, og at det vil ta seg vidare opp dei kommande timane.

– Det er dei ytre strøka sør i Sogn og Fjordane som blir hardast råka, men ut på natta vil vinden gradvis minke, sjølv om det truleg bles stiv kuling i morgon tidleg, seier ho.

Ho understrekar at folk må vere forsiktige om dei ferdast utandørs.

– Det er trass alt eit ekstremvarsel som er sendt ut, seier Andersen.

Artikkeltags