Grått, vått og mykje vind i vente

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Vått, grått og mykje vind; slik oppsummerar Storm-meteorolog Lillian Bergheim vêret framover.

I helga kan vi vente oss regn og hagl. Det vil også blåse friskt, noko folk langs kysten merkar godt denne fredagen. 

- Langs kysten er det no sørleg liten storm og slik vil det halde fram utover dagen. I tillegg torar det, noko det er fare for i morgon også, seier Bergheim.

Ho kan ikkje love noko særleg betring for Sogn og Fjordane neste veke:

- Lågtrykka kjem på rekke og rad. Vi får periodar med lettare vêr, men stort sett blir det nye rundar med regn, ruskevêr og kuling.

Temperaturane vil stort sett halde seg på same nivå. Snøgrensa ligg på om lag 600–800 meter.

- Så vi har skikkeleg grått haustvêr i vente, konstaterer Storm-meteorolog Lillian Bergheim.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken