Tysdag kjem hauststormen

KRAFTIG VIND: Slik treff stormen Sogn og Fjordane tysdag. (Illustrasjon: Meterologisk institutt)

KRAFTIG VIND: Slik treff stormen Sogn og Fjordane tysdag. (Illustrasjon: Meterologisk institutt)

Artikkelen er over 4 år gammel

UVÊR: - Ta inn partyteltet, seier meteorologen.

DEL

Torsdag kveld varslar Meteorologisk institutt den første hauststormen i år. Ifølgje prognosane treff stormen Vestlandet, sør for Stadt.

Storm tysdag kveld

– Det ser ut til at tysdag ettermiddag og kveld vert det verste vêret i Sogn og Fjordane. Vinden dreier frå sør mot vest, og kjem opp i storm styrke seint tysdag kveld, seier vakthavande meteorolog, Martin Granerød.

I eit slikt uvêr kan det ifølgje meteorologen, komme opp i 100 millimeter nedbør på eitt døgn. Slik varselet er nå vert det mest nedbør tysdag ettermiddag. 

Ver førebudd

Meteorologen anbefaler at folk er obs på at det kjem mykje vind og nedbør.

– Hagemøblar og partytelt bør takast ned før stormen. I tillegg kan ein sørge for at vatn har moglegheit til å renne unna. Fjern lauv over avløpsrister, rår Granerød.

Lågare temperatur

Hittil har vi hatt ein varm september. No kjem temperaturen til å falle.

– Vi får meir haustlege temperaturar framover. Før uveret, får ein 10 til 15 grader i Førde. Ut over onsdagen kjem temperaturen til å falle til 8 til 9 grader, seier Granerød.

Artikkeltags