Hald på julepynten, no kjem stormen

Artikkelen er over 5 år gammel

I kveld kan det komme vindkast på 25 meter i sekundet. Med andre ord: i kveld lever julepynten farleg.

DEL

– Ved slike vindkast er det typisk at kvistar og greiner frå tre knekk av. Usikra gjenstandar ute kan bli tekne av vinden, som til dømes julepynt som heng og dinglar, seier vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt, Martin Granerød.

Vanlegvis klarer dei fleste tre seg gjennom vindkast på denne styrken, men garantiar kan meteorologen ikkje gje.

– Kvart tre er forskjellig, seier Granerød.

Aukar på til midnatt

Granerød stadfestar at stormen framleis ikkje er på sitt kraftigaste. I ettermiddagstimane er det registrert liten storm på kysten og frisk bris i indre støk, med vindkast opp i 15-20 meter i sekundet.

Les også: – Stormen kjem fort, og hardt og Fryktar ein hektisk kveld

– Utover kvelden vil det auke på til full storm ved kysten og liten eller til dels stiv kuling i indre strøk med vindkast på 25 meter i sekundet. Det er stort sett slike vindkast som kan gjere skade, seier Granerød.

Når klokka nærmar seg midnatt vil vinden snu til sørvestleg stiv kuling. Regnet skal då gå over i bygevêr. I morgon kan det vere utrygt for torevêr.

Artikkeltags