Fryktar ein hektisk kveld

Artikkelen er over 5 år gammel

Stormen har allereie ført til straumbrot fleire stader, og framleis er den aukande.

DEL

Stormen som er på veg innover oss har ført til straumbrot fleire stader i ettermiddag.

– Naustedalen, Ulltang, Viksdalen og Solheimsdalen har mista straumen, men no skal alle ha fått straumen attende, seier nettsjef i Sunnfjord Energi, Oddvar Hatlem.

Les også: – Stormen kjem fort, og hardt

Kortslutning på linene

Problemet oppstår når den tunge, våte snøen som ligg på straumlinene losnar i vinden. Då kan straumlinene slå saman og skape ei kortslutning, forklarer Hatlem.

For andre på straumnettet kan denne kortslutninga merkast som eit blink.

Eitt trafohavari

Jobben med å rette opp att straumbrotet går i dei fleste tilfelle raskt.

– Normalt brenn det ikkje linjene av. Då må vi berre få inn att brytarane. Vi har hatt eit trafohavari i kveld, så hytter på Naustdalsstranda er utan straum, seier Hatlem.

Les også: Hald på julepynten, no kjem stormen

Med mindre dramatikken tek seg opp med vinden reknar Hatlem med at også denne er reparert i løpet av kvelden.

– Eg fryktar det blir ein hektisk kveld. Vi har ekstra folk i bakhand, men førebels klarer vaktene det heilt fint, seier Hatlem.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags