– Stormen kjem fort, og hardt

Dette lågtrykket vil treffe Vestlandet tysdag ettermiddag.

Dette lågtrykket vil treffe Vestlandet tysdag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

– Det er meldt sørleg full storm på kysten og i fjellet i morgon. Vi kjem rett nok til å vakne til fint vêr, og tenke at dette blir ein fin dag. Det blir det ikkje, varslar statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand.

Som ein vegg

– Uvêret kjem frå vest, og vil auke raskt ut på dagen i morgon. Dei som køyrer heim mot kysten frå jobb i morgon vil nok møte stormen nærast som ein vegg, seier Opstad Strand.

Temperaturane tysdag vil vere ganske låge.

– I Førde vil det vere minusgrader, i alle fall først på dagen. På kysten vil det ligge rundt 0 grader. Så den nedbøren som kjem først, kjem nok som snø og sludd. Men når stormen slår inn vil temperaturen stige 2–4 grader, og på kysten vil i alle fall nedbøren komme som regn under stormen. I Førde blir det truleg snø eller sludd, seier Opstad Strand.

Ni timar uvêr

– Stormen vil minke natt til onsdag. Vi reknar med den vil vare i om lag ni timar, seier Opstad Strand.

Det vert også ein del nedbør, men ikkje slik at det er varsla spesielt.

– Nedbøren kan bli intens nokre stader og i nokre periodar. Men vi snakkar ikkje om ekstreme nedbørsmengder, seier Opstad Strand.

Dreiar mot nordvest

Etter kvart som stormen minkar vil vinden dreie mot nordvest, og det er venta kuling. Denne vindretninga vil bli merkbar også inne i fjordbotnane, som til dømes i Førde, seier ho.

Og sjølv om det ikkje er varsla storm anna enn tysdag, så vil det nok komme fleire lågtrykk.

– Eg kan ikkje sjå anna enn lågtrykk den kommande veka. Det vil nok veksle litt frå dag til dag, men godvêr blir det ikkje, seier Opstad Strand.

Høg vasstand

Onsdag og natt til torsdag er det venta veldig høg vasstand.

– Vi kjem nok til å gå ut med eige varsel om dette i løpet av tysdagen. Vasstanden stig i etterkant av stormen, og midt på floa midt på dagen onsdag, og ikkje minst natt til torsdag, vil vasstanden vere unormalt høg. Kor høg kjem vi tilbake med meir informasjon om i morgon, seier Opstad Strand.

Ho seier fredag truleg blir den beste dagen denne veka.

Laurdag ventar vi snø i heile området. Søndag blir det mildare, og då er det venta regn på kysten og sludd i innlandet. Det blir ikkje gode tilhøve på vegane, slik dette ser ut, seier ho.

Ho legg også til at det er varsla snøskredfare på nivå 3. Dette er stor snøskredfare.

– Eg reknar ikkje med så mange går ut på tur i stormen i morgon. Det vil eg i alle fall frårå. Og eg vil åtvare dei som tek seg ein skitur på onsdag. På grunn av nysnø og fokk er snøskredfaren stor.

Artikkeltags