Gå til sidens hovedinnhold

Støre: – Synest at folk skal planlegge for å sjå familien i jula

Jonas Gahr Støre seier at han er klar til å innføre nye tiltak dersom situasjonen krev det, men meiner at folk bør planlegge for å feire jul med familien.

– Viss vi skal kontrollere smitten gjennom vinteren og erkjenne at smitten kjem til vere med oss vidare, så må vi treffe tiltak anten det er julaftan eller kvardag, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse tysdag.

Han understrekar at det er mange uavklarte spørsmål rundt den nye omikronvarianten av koronaviruset som vart kjend førre veke. Varianten er truleg meir smittsam enn deltavarianten, som har vore dominerande den siste tida. Helsestyresmaktene har varsla at han truleg vil vere i Noreg innan kort tid, om ho ikkje allereie er her.

– Dersom svara kjem inn og krev tiltak, så kjem dei tiltaka, og då kjem dei raskt, seier Støre.

Han vil likevel ikkje åtvare folk mot å samlast for å feire jul, innanfor rammene vi no har vorte vane med.

– Innanfor dei rammene synest eg at folk skal planlegge for å sjå familien i jula, slik det ser ut til i dag, 30. november, seier Støre.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken