Han er leiar for drift og vedlikehald i Hyllestad kommune. Litt over klokka halv sju fredag morgon vart han varsla om at det hadde gått eit ras på den kommunale vegen inn mot Espeland, rundt 200 meter frå riksveg 57 frå Åfjorddalen.

– Det har nok rasa i løpet av natta. Vegen er rydda og open for trafikk, men vi står her og held vakt fram til geolog kjem på staden.

Mannskap frå kommunen fylte vegen med massar, slik at bilar kunne passere. Geolog var framme ved rasstaden rundt klokka 12.

Hatlebrekke seier steinmassane har losna frå fjellet, rundt hundre meter over vegen. Raset er rundt 25 til 30 meter på det breiaste.

– Den største steinen er nok på over to tonn. Den har gjort stor skade på vegen.

For fleire år sidan vart det laga ein rasvoll i området. Den er no fylt med massane som har kome ned i natt.

– Det er bra at den vart laga, for den har klart å stoppe hovudtyngda av raset.

Geolog på plass

Klokka 11.50 var geologen i gang med si synfaring. På måndag vert det ei ny vurdering med dronar.

– Per no kan han ikkje sjå noko som det er fare for kjem ned, seier Hatlebrekke.

Rasvollen som vart laga for nokre år sidan, er fylt opp med rasmassane. No skal Hatlebrekke og ein entreprenør lage ny rasvoll med dei steinane som er komne ned.

– Om vi ikkje får det til, må vi stenge vegen om natta og ha vakthald for å sleppe bilar forbi.

Dei jobbar for fullt for at vegen ikkje skal bli stengd, og no ventar Hatlebrekke på entreprenøren som er på veg.

Trerøter har sprengt

– Veit de kva som har utløyst raset?

– Det er mykje bjørkerøter som har sprengt ut fjellet. Men ein kan tenke at det sjølvsagt har noko med nedbøren å gjere òg.

Vidare seier Hatlebrekke at dei må opp på toppen av fjellet og sage ned trea som står der slik at ikkje fleire røter sprenger.

Ifølge Hatlebrekke skal det vere rundt ti bustadhus som vert påverka om vegen vert stengd.

– Her er det berre ein veg inn og ut.

Markøren viser ikkje nøyaktig kvar raset har gått.