Bergen lufthamn Flesland vart tysdag morgon stengt på grunn av mykje snø. Flyplassen skulle i første omgang vere stengd til klokka 8, men opninga vart utsett i ein time.
– Ingen fly får lande på Flesland før etter klokka 9, men fleire fly har forlate utgangen og er på veg til avising. Vi håpar dei får ta av snart, sa pressevakt Ylva Celius Trulsen i Avinor til NTB ved 8.30-tida.
– Boarding er også i gang på fleire avgangar, opplyser ho.