Gå til sidens hovedinnhold

Store delar av Danmark er oransje på EU sitt smittekart

Kreta har gått frå oransje til raudt, og store delar av Danmark er no oransje på EUs smittekart. I Noreg er det berre Rogaland som ikkje er grønt.

Ved førre oppdatering 9. juli var Agder, Trøndelag, Troms og Finnmark oransje, medan Rogaland no er det einaste oransje fylket i Noreg på Det europeiske smittevernbyrået ECDCs kart.

I Danmark har Jylland og Sjælland gått frå grønt til oransje, medan hovudstadsområdet no er raudt.

I Sverige er Värmland flytta frå oransje til grønt, ifølgje NRK.

Kreta gjekk frå grønt til oransje førre veke, og den greske ferieøya er no raud på EUs kart.

Heile Spania har no vorte raudt, og tre regionar er mørkeraude. Det gjeld mellom anna Catalonia der Barcelona ligg. Også Portugal er raudt, medan store delar av Hellas og Kroatia er oransje. I Frankrike er tre regionar oransje, der dei to sørlegaste er blant dei.

Reisande frå oransje og raude land og regionar må i karantene ved innreise til Noreg, så lenge dei ikkje er fullvaksinert eller nyleg har vore registrert koronasmitta.

ECDCs smittekart dannar grunnlaget for avgjerdene som blir gjort i Noreg. Folkehelseinstituttet (FHI) skal fredag oppdatere smittekartet sitt. Dei gjer likevel si eiga vurdering av dei europeiske smittetala, og det er dermed ikkje gitt at karta deira samsvarer med ECDCs.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken