Gå til sidens hovedinnhold

Båt med éin om bord sakna mellom Kalvåg og Stord

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORA: Hovudredningssentralen veit ikkje kva som har hendt.

Båten «Fram» med ein mann om bord er i dag meldt sakna, melder hovudredningssentralen i Sør-Norge.

– Siste observasjon av båten var førre torsdag 02. november då den la frå kai i Kalvåg, fortel Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Båten skulle frå Kalvåg til Stord. Det har ikkje vore uvêr i området og det er ingen teoriar om kva som kan vere hendt.

– Vi håpar at dette berre dreiar seg om kommunikasjonssvikt, seier Sunde.

Hovudredningssentralen etterlyser breitt med melding på kystradioen og på Twitter, men det er førebels ikkje sett i gong noko fysisk søk etter båten.

Båten kjenneteiknast med olja skrog og kvitt hus, registreringsnummeret er H-97-S. Alle som har opplysningar eller observasjonar av båten oppfordrast til å melde frå til Hovudredningssentralen om dette.

 

Kommentarer til denne saken