Ungdommar frå heile landet og lokale aksjonistar har lenka seg fast til anleggsmaskinene, og drive sivil ulydnad på Engebø sidan tysdag 26. april. Ei veke seinare, 4. mai, blei den første aksjonisten boren vekk frå anleggsområdet.

No varslar dei ein siste aksjon.

Så langt har det vore mellom fire og sju aksjonistar som har stansa arbeidet om gongen, men torsdag avsluttar dei med eit brak. Frå klokka 07.00 vil heile leiren gå inn på anleggsområdet og lenke seg fast ein siste gong.

Utanfor området blir det ein lovleg demonstrasjon, med appell, song og protest. På kvelden samlar aksjonistar og støttespelarar seg til ein Fjordfest i Vevring. Då vil dei også opplyse om vegen vidare for demonstrasjonane.

Per måndag 10. mai er meir enn 40 aksjonistar blitt arresterte, og aksjonistane har fått over 350.000 kroner i bøter, melder Natur og Ungdom.

Av lokale aksjonistar har blant andre Åsmund Berthelsen (SV) og Fridtjov Urdal lenka seg.

Les også

Aksjonistane har flytta inn i eit gammalt småbruk på Engebø. No førebur dei seg til aksjonar