I 11-tida fredag fekk Vegtrafikksentralen melding om at det hadde rasa ned ein stor stein ved Stigebergtunnelen i Eidsfjorden mellom Stongfjorden og Askvoll.

– Det skal vere ein ganske stor stein som har kome ned i eit fosseleie. Det er meldt om at den skal vere på om lag eitt tonn, seier Christian Strømme, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest, klokka 11.05.

Det var mogleg for personbilar å passere steinen. No er steinen fjerna, og trafikkoperatør Jørgen Bødtker seier at risikoen for at det kjem ned nye steinar er vurdert som låg.