Hendinga skal ha skjedd ved Bjerganeset i Dalsfjorden i Sunnfjord, melde Vest politidistrikt klokka 12.47 torsdag ettermiddag.
Politiet melde at mannen hadde falle over bord frå ein fritidsbåt mellom Holmen og Bjerganeset.
Like før klokka 23 var mannen framleis ikkje funnen, og redningsaksjonen blei avslutta. Søket vart endra til søk etter antatt omkommen.
Redningsskøyte, redningshelikopter og dykkarar frå Bergen vart sendt til staden. I tillegg er det fleire båtar i området som gjennomfører overflatesøk.
Ifølge operasjonsleiar Morten Rebnord fall mannen over bord rundt 200 meter frå land.
– Det var andre båtar i nærleiken som varsla oss, så varsla vi vidare til HRS som no koordinerer redningsaksjonen.
Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.05. Redningshelikopter leita i rundt to timar etter mannen, før søket frå lufta blei avslutta klokka 14.35. Overflatesøk og strandsøk vil halde fram. Mannskap frå Røde Kors stiller med båt og ambulanse.
Politiet opplyser at mannen var saman med to born i båten, då han fall over bord. Han er far til barna. Kriseteam er varsla og følger opp familien.
Dei to borna skal vere fysisk uskadde. Politiet vil ikkje seie noko meir om tilstanden eller alderen deira.

Politiet: Vi har opplysningar om at han har forsvunne i sjøen
– Status er at ein person er sakna. Situasjonen er uavklara og vi går ut breitt. Vi kan ikkje utelukke at den sakna har kome seg på land sjølv, og vi søkjer difor også langs land, sa redningsleiar Jørn Magnussen ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge klokka 12.55.
Eit vitne på staden fortalde klokka 13.20 at det også blei søkt vestover til Øyna og Holmen.
– Det er stor aktivitet. Helikopteret søker fram og tilbake og no også vest for Bjørganeset, sa han då.
Like før klokka 15.00 opplyser politiet at det blir søkt på begge sider av Dalsøyna og innover mot Dale. I tillegg blir det søkt utover i Dalsfjorden. Redningsskøytene Utvær og Simrad Buholmen deltar i redningsaksjonen.

– Det er ein tragedie. Vi føler veldig sterkt med dei involverte
Saka blir oppdatert.