Stor leiteaksjon etter sakna person i Askvoll

Av

Mann sakna, båt funnen tom på sjøen.

DEL

Naudetatane har torsdag ettermiddag sett i gang ein større redningsaksjon etter ein person som er sakna på sjøen i Askvoll i Sunnfjord.

– I tillegg er det funne ein tom båt på sjøen i området, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Hovedredningssentralen Sør-Norge melde klokka 17.58 at den sakna skulle trekke krabbeteiner, og at ting kan tyde på at han har falle over bord.

Naudetatane blei varsla om hendinga like før klokka 14. Det er no sett inn store ressursar i søket.

– Vi har to helikopter, redningsskøyte, ambulansebåt og fleire andre fartøy på veg, sa redningsleiar Eirik Walle ved Hovedredningssentralen til NTB ved 15-tida.

– Det pågår no (kl. 17.37) søk med båtar og helikopter i Granesundet, seier Walle.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken