Stoppa bil og mistenkte dumping av narko i Kvernbergtunnelen

GJENNOMSØK: Politiet stengde tysdag kveld Kvernbergtunnelen utanfor Førde etter at dei gjennomsøkte den for narkotika. Dei mistenkte dumping av bevis etter at ein bil vart stoppa etter rusmistanke tidlegare på kvelden.

GJENNOMSØK: Politiet stengde tysdag kveld Kvernbergtunnelen utanfor Førde etter at dei gjennomsøkte den for narkotika. Dei mistenkte dumping av bevis etter at ein bil vart stoppa etter rusmistanke tidlegare på kvelden. Foto:

Tre personar er tekne med til lensmannskontoret i Førde.

DEL

Om lag klokka 19.45 tysdag kveld kunne ein sjå blålysaktivitet på fv. 609 ved Kvernbergtunnelen utanfor Førde i retning Askvoll.

Politi med narkotikahund vart observert på staden, samt ein sivil politibil. Tunnelen vart også stengt i eit kortare tidsrom, men nok til at det danna seg kø på staden.

– Dette har utspring frå ein kontroll av ein bil i Førde, der vi mistenker føraren for å ha køyrt ruspåverka og utan gyldig førarkort, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han fortel at den mistenkte føraren er ein mann i 30-åra, og i bilen som vedkommande køyrde, vart det funne narkotika.

Patruljen som fatta mistanke følgde etter bilen eit stykke. Politiet hadde også ein teori om at det var kasta narkotika frå bilen i Kvernbergtunnelen, og det vart bestemt at dei skulle gå gjennom tunnelen med narkotikahund.

I dette tidsrommet vart tunnelen stengt.

– Det vart ikkje gjort funn under gjennomsøket, seier Algrøy.

Det var tre personar i bilen som vart stoppa. Alle er tekne med til lensmannskontoret i Førde, og der vil det bli teke blodprøve av føraren.

– Kva som skjer vidare er ikkje bestemt, seier Algrøy, som fortel at det vil bli avgjort av politijurist om dei tre vil bli halde på av politiet eller lauslatne.

Artikkeltags