Naturen og landskapet på Stad er heilt unik. Uerstatteleg. Her finnast terrengdekkande myrer, som er oppført som sårbar på Norsk rødliste for naturtypar. Her finnast dei vakre kystlyngheiane, ein siste rest av det gamle kulturlandskapet som ein gong strekte seg langs heile den europeiske Atlanterhavskysten.

Her – midt i det finaste me har – vil regjeringa bygge vindkraftverk. Miljøfaglege råd vert ignorert, det same vert Fylkesmannens åtvaringar.

No er gravemaskinene komme til Stadlandet.

Eit fleire tusen år gammalt landskap blir rasert på grunn av feilaktige konsulentrapportar. Oklautbygginga er galskap. Den må stoppast!

NVE er den statlege etaten som gir eller avslår konsesjonar til vindkraftutbyggingar. Okla-utbygginga viser at korkje NVE eller Olje- og energidepartementet klarer å gjere jobben dei er sett til på forsvarleg vis.

I tillegg til skandalen i NVE og OED si handsaming av saka, er Okla også resultatet av langvarig ansvarsfråskriving frå norske regjeringar. Utan å ha på plass ein nasjonal plan for å sikre norske naturverdiar, utan å sikre at miljøfaglige råd vert følgt, har konsesjonar blitt gitt i aust og vest, og vindkraftindustrien har fått dure fram. Resultatet ser me no: verdifull natur vert bygd ned, og lokal motstand dukkar opp overalt, som skapar både konflikt og mistillit mot stat og industri.

I fjor valde den gråblå regjeringa å skrote NVE sitt forslag om nasjonal ramme for vindkraft på land, etter massiv kritikk frå kommunane. Med andre ord held ein fram med systemet der naturen vår blir bygga ned, bit for bit.

Når me øydelegg naturen, så øydelegg me for oss sjølve.

Det som no skjer i Sogn og Fjordane, og fleire andre stader i landet, er ei rasering av den naturen som ungane våre skal arve.

Me står no midt i ei naturkrise der stadig meir dyreliv og trua artar forsvinn for alltid. Me kan ikkje løyse klimakrisa ved å forsterke naturkrisa.

Erna og co. lèt framleis som om det er mogleg med evig forbruksvekst. At stadig fleire menneske skal forbruke stadig meir. Men det går sjølvsagt ikkje. Jorda sine ressursar er avgrensa. Og om ein held fram med å bygge ned norsk natur i det tempoet ein gjer i dag, er det snart ikkje meir att.

Den mest miljøvennlege energien er den som ikkje vert brukt. Me i MDG meiner energipolitikken må starte med å kutte energiforbruket. Då vinn både menneska og naturen. Norge treng ein ambisiøs satsing på energieffektivisering i næringslivet, offentleg sektor og heime hjå folk flest.

MDG vil bruke støtteordningar, avgifter og miljøkrav for å få energiforbruket ned. Me vil legge til rette for at ny teknologi skapar positiv konkurranse om å bruke mindre energi.

I staden for å sitte og sjå på at den enorme veksten i unødvendig forbruk held fram, og at naturen forsvinn omkring oss, må me diskutere korleis me kan ta ut overskotet på andre måtar, og kva slags framtidssamfunn me faktisk ønsker oss.

Feil på feil
På oppdrag frå Stortinget har Olje- og energidepartementet no granska konsesjonsbehandlinga for fleire vindkraftverk i Noreg. Onsdag 7. oktober kom brevet til Stad kommune, der departementet slår fast at dei ikkje vil stoppe utbygginga av Okla vindkraftverk på Stad. Departementet har granska sine eigne feil, og ikkje funne noko feil.

Korleis kan verdifull natur miste verdien sin over natta? Korleis kan dette ikkje vere feil? Professor Vigdis Vanvik har heilt rett når ho kallar denne saka ei skandale. NVE og OED la uriktig naturvurdering til grunn, trass i at dei blei varsla om feilen.

Korleis skal me som innbyggjarar ha tillit til stat og embetsverk, når me ser at dei gong på gong set kortsiktig profitt over omsynet til menneska, naturen og kommande generasjonar?

Me har ei regjering som konsekvent ser bort frå miljøfaglege råd, som ignorerer miljø og naturkrisa me står oppe i, og når dei får rapportar dei ikkje likar konklusjonane av, bestiller dei berre ei ny – denne gongen med mindre fagleg kompetanse, slik at dei får svara dei vil ha.

MDG kjemper for ei framtid der også våre barn og etterkommarar skal ha ein natur å nyte, leve av og hauste frå.

Vindkraftutbygginga på Stad er heilt uakseptabel.

No er det opp til Stortinget: stopp raseringa av Stadlandet!

Les også

Lov og rett i Fjaler