(Oppdatert versjon av kommentaren som vart publisert på firda.no torsdag 15. desember – før kommunestyret gjorde vedtak i saka.)

Er det bra for innbyggarane i kommunane våre at lokalpolitikarane våre reduserer den politiske aktiviteten i kommunane?

Dette spørsmålet låg på bordet då kommunestyret i Fjaler skulle ta stilling til eit sparetiltak som var lagt fram av kommunedirektøren. Formannskapet i kommunen hadde velsigna forslaget som gjekk ut på at talet på representantar i kommunestyret vert redusert frå 23 til 19. I tillegg til dette skal også formannskapet krympast frå 7 politikarar til 5.

Dersom forslaget hadde vorte vedtatt ville dette styrke kommunebudsjettet med 125.000 kroner. Men eit samla kommunestyre gjekk i mot forslaget frå kommunedirektøren.

Også i Sunnfjord kommune er det kutta i talet på kommunestyrerepresentantar. Der sparer dei 200.000 kroner i året på at kommunestyret går frå 45 representantar til 37. Der har dei i tillegg kutta i politikarlønene og enda til slutt opp med ei innsparing på nesten ein million kroner.

Jau då. Innsparingar som kan brukast til endå betre kommunale tenester er gode greier. Også politikarane må sjå på om pengane dei bruker på seg sjølve er på rett nivå. I Sunnfjord vart dette gjort etter ei grundig evaluering der det politiske arbeidet vart sett under lupa som heilskap. Resultatet vart ei lett trimma politisk forsamling med redusert løn til dei som tente best. Det er slett ikkje bra at politikarlønene i Sunnfjord ligg i den desiderte landstoppen, og dette er det no rydda opp i.

Men den gjennomgåande tonen, som ser ut til å gå ut på å redusere den politiske aktiviteten, er det grunn til å vere skeptisk til. Og viss det skal skje, bør dette gjerast som i Sunnfjord: Som resultat av ei evaluering der ein ser på dette i ein heilskap. Ikkje som ein konsekvens av at det skal sparast nokre kroner.

For all del: Fjaler vill fått ein OK storleik på kommunestyret også etter eit eventuelt kutt. Kommunar på Fjaler sin storleik skal ha minst 11 representantar i kommunestyret. I nabokommunen Askvoll er det 21 politikarar i kommunestyret, Hyllestad 17 og Solund 15.

Men det politiske mangfaldet kjem under press. Med færre politikarar vil det vere større risiko for at små politiske parti blir utan representasjon i den øvste politiske forsamlinga i kommunen. I saksutgreiinga til kommunedirektøren i Fjaler blir det peika på at minst eitt og kanskje to politiske parti vil miste representasjonen dei har i kommunestyret.

Det betyr at innbyggarane i Fjaler ville risikert å miste politisk oppegåande stemmer frå Frp, H, eller SV i dei politiske debattane i kommunestyret i Fjaler viss dei får om lag same valresultat som sist (dei tre minste politiske partia).

Det er altså eit svekka demokrati vi snakkar om. Færre politiske engasjerte får sjansen til å vise seg fram på kommunenivå, og på denne måten også ha sjansen til ta ytterlegare steg opp til den regionale og nasjonale politiske arenaen.

Alt dette for å spare nokre kroner.

Det er ikkje bra. Vi treng meir demokrati i den verda vi lever i – ikkje mindre.

Og mens dette skjer er nominasjonen til kommune – og fylkestingsvalet i full sving. Eg har slett ingen totaloversikt over stoda, men det kan sjå ut som om det er mykje gjengangarar og lite nyrekruttering til politisk arbeid på lokalplanet. Det er også få unge kandidatar, og kvinnerepresentasjonen er som vanleg svak.

Demokrati kostar, og det er slett ikkje slik at all kommunal pengebruk skal gå med til å betale for tenestetilbod til innbyggarane.

Heldigvis ser det ut til at politikarane har skjønt godt dette, og dei held fram med ei solid forsamling politikarar også i neste periode. Godt jobba!