Stine (29) er i korona-karantene

KJEM IKKJE: Stine Hovland frå Vadheim har meldt forfall til landslaget sine kampar i Algarve denne veka, melder Norges fotballforbund. Bildet er frå cupfinalen 2018.

KJEM IKKJE: Stine Hovland frå Vadheim har meldt forfall til landslaget sine kampar i Algarve denne veka, melder Norges fotballforbund. Bildet er frå cupfinalen 2018. Foto:

Korona-frykta har sett ein stoppar også for fotballen i Italia.

DEL

Stine Hovland frå Vadheim har meldt forfall til landslaget sine kampar i Algarve denne veka, melder Norges fotballforbund.

Årsaka er reiseforbod og karantene på grunn av koronaviruset, melder NTB.

Sogningen spelar for Milan og både kampane til dame- og herrelaget har blitt utsett grunna spreiinga av koronaviruset i Italia.

– Stine Hovland er pålagt karantene og utreiseforbod av klubben sjølv om ho er frisk. Klubben har valt å ta sine forholdsreglar sidan spelarane deira bur i eit høgrisikoområde, melder kommunikasjonssjef i NFF, Yngve Haavik til NTB.

Hovland flytta til Milano i fjor haust, etter at Sandviken og den italienske storklubben vart samde om ein overgang. Før jobba 29-åringen i barnehage ved sidan av fotballen, no lever ho ut fotballdraumen i ein av verdas mest kjende fotballklubbar.

Artikkeltags