Stille for politiet i natt: – Det har berre vore litt knuffing rundt omkring

Det var lite bråk for politiet i natt, som berre fekk melding om tre mindre hendingar.

DEL

– Mitt inntrykk er at det har vore ei roleg natt.

Det seier innsatsleiar Øystein Russenes i politiet i Sunnfjord.

– Klokka 22:25 fekk vi melding om ein slåstkamp utanfor Sunde skule. Det viste seg berre å vere ein krangel mellom nokre ungdommar i starten av tenåra. Innringar har nok berre høyrd roping og frykta det verste. Når politiet kom fram roa det seg, og ingen var skada.

Seinare på kvelden fekk politiet ei ny melding om knuffing i eit byggefelt i Florø.

– Det var klokka 00:23. Vi rykka raskt ut på det, men det viste seg å vere nokre ungdommar som berre knuffa litt. Dei reiste frå staden etter at vi hadde snakka med dei, seier Russenes.

Den siste meldinga kom 03:16 i natt, frå Førde Sentrum.

– Det var ein ungdomsgjeng på seks stykk, men ingen vart skada. Her òg var det berre litt småknuffing. Så alt i alt var det ingen slåstkampar i natt og ingen som vart skada. Ei roleg natt, seier Russenes.

Artikkeltags