Sterke vindkast i ettermiddag. Kan bli på trafikkproblem

FAREVARSEL: Det er venta sterke vindkast i Vestland fylke utover ettermiddagen denne måndagen.

FAREVARSEL: Det er venta sterke vindkast i Vestland fylke utover ettermiddagen denne måndagen. Foto:

Kjem med gult farevarsel om kraftige vindkast på 27–35 m/s. I mellomtida kan vi glede oss til onsdag.

DEL

– Vinden kan gi nokre utfordringar i trafikken, som stengde bruer og problem med transport, seier meteorolog Magnus Haukeland på Meteorologisk institutt.

Det er i timane fram mot kvelden at den kraftige vinden vil gjere seg gjeldande. På det verste kan vindkasta komme opp i 35 m/s, som blir definert som orkan.

Verst i Sogn

Meteorologisk institutt har gått ut med gult farevarsel for Vestland fylke, der dei åtvarar om vindkasta og anbefaler å sikre lause gjenstandar og å unngå unødvendig ferdsle på utsette stader.

Haukeland seier det blir verst rundt Sognefjorden, men at ein vil merke vinden i Sunnfjord-traktene også.

– I tillegg blir det bra med vind i fjellet, opp til liten storm, pluss at byene kjem med snø i fjellet. Så det blir ganske vanskelege køyreforhold.

Tørt får vi det heller ikkje. Det skulle tatt seg ut. I tidsrommet frå klokka 00.00 natt til måndag og 24 timar fram er det venta opp mot 60 millimeter nedbør.

– Det kan vere hagl i enkelte byer, men det blir regn i låglandet. Snøgrensa er på 400–600 meter, men vil vere lågare lengst inn i landet, seier meteorologen.

Vêret vil roe seg på tysdag, men vind på stiv kuling-nivå og byevêr er venta.

Jippi-onsdag

Så kjem onsdagen som eit lyspunkt å glede seg til. Det blir litt nedbør tidleg på onsdagen, men det vil dabbe av på føremiddagen. Vinden vil også roe seg.

Sjå her:

– De kan nok til og med få gløtt av sol, seier meteorolog Haukeland.

Ta det inn.

På yr.no er det estimert null millimeter regn frå klokka 12.00 og utover onsdagen. Det vesle sol bak sky-ikonet, som vi har lært å sette stor pris på, er å sjå både i tidsromma 06.00-12.00 og 12.00-18.00.

Smak litt på det.

Etter onsdagen kjem nytt lågtrykk på besøk, slik dei jo gjer, som betyr vind og nedbør. Meteorologen seier lågtrykkvêret kjem til å halde fram til og gjennom helga, men at helga blir noko kjøligare enn dei 4–5 plussgradene vi opplever no.

Slik er det i trafikken:

Artikkeltags