Politikarbiografiar kan vere traurige greier. Jens Kihl sin biografi om Liv Signe Navarsete er ikkje det. For ein som er over middels interessert i norsk politikk, og i Sogn og Fjordane spesielt, er det vanskeleg å legge vekk boka. Den er ei tett skildring av korleis ein markant politikar kan bli til, frå dei første barnestega i Sogndalsdalen, mobbinga frå jamaldrande sambygdingar, depresjon etter å ha blitt mor og også tida då ho vart enke med to barn som 33-åring.
Ingen sit att med inntrykket av at suksessen har komme lett for Liv Signe Navarsete.
Delen av boka som handlar om oppveksten i Sogndalsdalen er den delen av historia underteikna likar best. Jens Kihl skriv godt og er på sitt beste når han skildrar kvardagen på den fådelte skulen på Gjesthaugen og seinare ungdsomstida i Sogndal.
Dette er barne- og ungdomstida som bygde feministen, målkvinna og toppolitikaren som aldri gjekk av vegen for stadig større oppgåver. Liv Signe Navarsete har skaffa seg politiske posisjonar gjennom hardt arbeid, målretta arbeid med å bygge nettverk og eit konkurranseinstinkt av dei sjeldne.
Så skulle ein kanskje tru at det var godt å sleppe alt dette ansvaret etter mange tøffe år i rikspolitikken. Men nei. Sjølv etter at ho gjekk av som partileiar etter ein knalltøff periode, var det vanskeleg for ho å skjønne at ho ikkje var ønskt tilbake til det politiske toppnivået: Først då ho ikkje vart utnemnd til forsvarsminister i 2021, og seinare då Odd Roger Enoksen måtte gå av frå same statsrådspost.
I biografien blir det teikna bilde av ei kvinne som aldri får nok av politiske toppverv, og ho likar dårleg å bli forbigått når ho meiner seg betre kvalifisert enn dei som får dei attraktive statsrådspostane.
I boka får vi også ei 100 prosent usminka skildring av den årelange konflikten med nordtrønderane i Senterpartiet, og spesielt Ola Borten Moe. Ingen av desse trøndarane er kjelder i boka, men Jens Kihl har gjort ein god jobb med å kartlegge konfliktlinjene. Lesaren blir dratt inn i det som skal ha vore eit nordtrøndersk komplott for å bli kvitt Navarsete. Vi får også vite at kommunikasjonen mellom Ola Borten Moe og Liv Signe Navarsete har vore på eit null-nivå.
Ingen vaksne heime i Senterpartiet som kunne få dei to til å snakke i saman? Ei skikkeleg utlufting?
I boka om Liv Signe Navarsete får vi i alle fall ei skikkeleg utblåsing. Biografien er eit heftig oppgjer med politikarane i eige parti som har motarbeidd ho, og då særleg Ola Borten Moe. Han blir skildra som ein kynisk maktpolitikar som berre har éin tanke i hovudet – seg sjølv og eigen politisk karriere. Ifølge Liv Signe Navarsete er han som statsråd meir opptatt av å smiske med statsminister Jens Stoltenberg enn å fremje Senterpartiet sin politikk i regjeringa.
I Navarsete si verd er Borten Moe den store stygge ulven. Han på si side ville ikkje stille opp i Kihl sin biografi. Det er synd. Han har truleg ein heilt annan versjon av maktkampen som har prega Senterpartiet i denne perioden, ein maktkamp begge til slutt tapte: Liv Signe Navarsete måtte gå av som partileiar, og Borten Moe må framleis finne seg i å spele andrefiolin i Senterpartiet.
Boka om Liv Signe Navarsete er også ei forteljing om kva politisk engasjement på toppnivå kan koste. Til slutt fekk ho diagnosen posttraumatisk stressliding (PTSD) – ein diagnose som hadde fått dei fleste til å kaste inn handkleet. Men Liv Signe Navarsete ser ikkje ut til å vere som folk flest. Etter kvart som ho vart frisk har ho tatt på seg krevande oppgåver som politikar og til slutt også jobben som statsforvaltar i Vestland.
Det ser ikkje ut til å vere grenser for ambisjonar, pågangsmot og arbeidskapasitet.
Som sogndøl og over snittet Sogn og Fjordane-interessert er eg kanskje litt inhabil som meldar av denne boka. For meg fungerer den som ein flott miks av heimstadlitteratur og politisk samtidshistorie på lokal, fylke –og riksplanet. Dette er ei bok som kan lesast i løpet av ein kveld, men som eg tek pausar frå for at den skal synke inn. Den er detaljrik og underhaldande, og den gir slett ikkje berre eit positivt bilde av den temperamentsfulle kvinna frå Sogndalsdalen. Liv Signe Navarsete seier det ho tenker, også dei gongene andre ville halde munn.
Det er nesten så vi kan sjå for oss ein oppgitt Jens Stoltenberg som på eit seint kveldsmøte gir etter for maset om pengar til Dalsfjordbrua, ein politisk siger ho vart hylla for i heimfylket.
Kanskje vart det for mange dyrkjøpte politiske sigrar i enkeltsaker som til slutt kosta ho vervet som partileiar? Og som også gjorde at ho vart vraka to gonger då posten som forvarsminister stod ledig? I boka om ho blir det i alle fall teikna bilde av ei kvinne som har lett for å skaffe seg fiendar, men som aldri nokosinne gir seg før ho har nikka ballen i mål. Uansett om ho så må legge eiga helse i potten.
Men nokre mål vart det! Med hardt arbeid og eit ekstremt engasjement som sitt fremste varemerke.
At ho orka!
Tenkte eg, då eg la frå meg boka.
Jens Kihl:
Liv Signe Navarsete
– Eg veit kva eg snakkar om!
379 sider
Samlaget