Sterk auke i talet på koronasmitta – 23 nye tilfelle onsdag

Av

Folkehelseinstituttet har onsdag fått stadfesta at totalt 56 personar i Noreg har fått påvist koronavirus. Alle tilfella kan knytast til utbrot i utlandet.

DEL

Ingen av dei som er smitta, er alvorleg sjuke eller innlagde på sjukehus, opplyser FHI. Personane er heimeisolerte og blir følgde opp av lokalt helsevesen.

– Vi ser at vi i Noreg har fleire positive testar enn andre land i Norden. Vi tenker at dette speglar av at vi i Noreg no testar mange, og at svært mange av desse har komme heim frå Nord-Italia i dei norske vinterferievekene, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI i ei pressemelding.

Helsestyresmaktene ventar at smittespreiinga kan gå over i ein ny fase, der ein får smittespreiing i Noreg utan at ein klarer å knyte alle smitta til eit kjent utbrotsområde.

Artikkeltags