Nye tal frå Vest politidistrikt viser at det vart meldt 25.653 lovbrot til politiet i Vest i fjor. Det er 1.464 færre saker enn i 2020 – og det lågaste talet i politidistriktet på fem år.

Tala viser at det er ein nedgang i dei fleste typar kriminalitet – med unntak av seksuallovbrot og brot på miljølova.

Talet på melde seksuallovbrot auka med 26 prosent – frå 745 i 2020 til 937 melde saker i fjor. Politiet opplyser at dei ser ei urovekkjande utvikling i seksuelle overgrep mot barn. Her vart det meldt 365 saker i fjor, mot 288 året før.

I saker som dreier seg om miljøkriminalitet steig talet på melde saker frå 370 i 2020, til 398 i fjor.

Vest politidistrikt opplyser at dei ser ein nedgang i melde saker som omhandlar vald. Mellom anna gjekk tala for kroppskrenking og kroppsskade ned, noko politiet går ut frå kan ha ein samanheng med at utelivet i delar av året var heilt eller delvis stengt ned som følgje av koronarestriksjonane.

Når samfunnet no er opna opp, forventar politiet ein auke i denne typen saker.

Politiet legg til at sjølv om den registrerte kriminaliteten går ned, veit dei at det er ei rekkje former for kriminalitet som ikkje blir meld til politiet.

(©NPK)