(SOGN AVIS): Klokka 00.35 natt til tysdag vart politiet ringt opp av ein annan bil som også var på veg frå Sogndal til Fjærland. Vedkomande tykte det rauk kraftig frå venstre bakhjulet til ein bubil.

– Ingen naudetatar vart sendt ut, men Vegtrafikksentralen fekk etter kvart varsel, seier Frode Kolltveit ved Politiet i Vest sin operasjonssentral.

For kort tid seinare må bubilen ha lagt merke til røyken sjølv, og stoppa ved eitt av brannsløkkingsapparata i tunnelen. Då det vart teke i bruk går det melding til Vegtrafikksentralen, og tunnelen blir stengd.

– Bergingsbilen fann bilen i ei nisje inne i Frudalstunnelen, og det viste seg at røykutviklinga skuldast eit eksplodert bildekk. Tunnelen vart opna att 00.55, seier Koltveit.