Vegen ved Storehagen i Førde vil vere stengd frå torsdag kveld klokka 21.00 til fredags morgon klokka 06.00. Det skriv Sunnfjord kommune på sine heimesider.

Vegestrekninga som vil vere stengd er eit kort stykke av Angedalsvegen rett framfor hotell Scandic Sunnfjord. Om du kjem køyrande frå Førdehuset mot sentrum, er du då nøydd til å svinge av og køyre inn på Langebruvegen.

Årsaka til at vegen blir stengd, er det skal bli gjennomført fresing og nyasfaltering.

Les også

Sindre (28) utdanna seg til lærar. Så kalla havet på han