Sunnfjord kommune skriv på heimesidene sine torsdag 25. mai at dei stenger nedre del av bystien.
Årsaka er arbeid knytt til Førdepakken tiltak 14.
– Det er oppretta ny tilkomst til stien og ein må truleg nytte den ut august månad, skriv kommunen.
Trappene, og nedre del blir heilt stengt av. Framover vil du måtte følge Lysthaugen frå Hafstadvegen, og nytte stien som er laga til frå Lysthaugen. Etter nokre hundre meter kjem du inn på bystien.

Les også
Snart er denne på plass i Førde

Les også