Stenger kafé etter at dei koronasmitta busspassasjerane var innom

Folkehelseinstituttet og Sandnes kommune held no på med smittesporing.

DEL

Tysdag kveld vart det kjent at 31 av 41 busspassasjerar i eit reisefølge er smitta av korona. Bussen har vore på tur i Sør-Norge sidan 15. september og vore innom seks overnattingsstader på turen gjennom Austlandet, Dovre og Vestlandet, skriv NRK.

No vil Sandnes kommune i lag med Folkehelseinstituttet følgje opp alle etestadar og overnattingsstadar der reisefølget har vore, opplyser kanalen.

Sunnfjord Hotel er ein av stadane som har hatt overnattingsbesøk av turfølget. Dei skal også ha vore innom Thon Hotel Sandven i Norheimsund, melder BT.

Åkrafjordtunet i Etne er ein av etestadane. Dei skriv følgande på Facebook:

«Som følge av påvist Covid 19 hjå ei gruppe som var innom oss måndag 21/9 i tidsrommet 14:00 til 15:00 vel vi å halde kafeen vår stengd inntil vidare. Dei tilsette hjå oss som var på jobb denne dagen er sett i karantene. Andre gjestar som var hjå oss i dette tidsrommet og som har spørsmål, blir bedne om å ta kontakt på korona@etne.kommune.no eller ringe Etne kommune på 53758000».

Ordførar Stanley Wirak i Sandnes seier dette til Sandnesposten:

– Det var ein eksplosjon av smitte i denne bussen. Vi har verkeleg fått ei påminning.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken