Stenger fylkesveg i Solund på dagtid denne veka

På grunn av inspeksjonar av Dalesund bru og Steinsund Indre bru blir fv. 606 stengt på dagtid.

DEL

Sweco Norge AS skal inspisere dei to bruene den kommande veke.

Det medfører at dei stenger vegen for trafikk frå tysdag til fredag i tidsrommet 06.00 til 19.00. Planen deira er å stenge vegen i inntil 30 minutt om gangen mellom 06.00 og 09.00 og klokka 15.00 til 17.00.

Elles blir vegen stengt inntil ein time mellom 09.00 og 15.00 og mellom 17.00 og 19.00.

Stenginga blir skilta på veg til bruene og det blir trafikkdirigering på staden, skriv entreprenøren i ei pressemelding.

Dalesund bru:

Steinsund Indre bru:

Artikkeltags