Stenger fylkesveg 609 på grunn av fare for ras

Ventar store nedbørsmengder- stenger vegen klokka 12.00 laurdag

DEL

Statens vegvesen stenger Fv. 609 Hundsåna mellom Førde og Askvoll klokka 12.00 laurdag.

Årsaka er store nedbørsmengder og dermed fare for ras. Ny vurdering blir gjort måndag klokka 08.00, melder vegtrafikksentralen klokka 11.00 laurdag.

– Det betyr at alle som er ute på vegane no får kort varsel til å kome seg heim raskast veg?

– Ja, det blir lang omkøyringsveg for dei som er ute på vegane no og ikkje rekk heim. Men det er då gjort ei vurdering om å stenge vegen på grunn av mykje nedbør dei neste døgna og dermed fare for ras, seier trafikkoperatør Marianne Hove til Firda laurdag formiddag.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken