Fylkesveg 609 vil bli stengt ved Heilevang frå klokka 20.00 på laurdag til 08.00 på måndag. Det melder Statens vegvesen gjennom SMS-tenesta si fredag føremiddag. Grunnen til at dei stenger vegen er rasfare i samband med store mengder nedbør.

Det er venta mykje nedbør i helga, og stenginga kjem same dag som Meteorologisk institutt har gått ut med gult farevarsel. Det er venta at det lokalt kan komme frå 60 til 80 millimeter på 12 timar enkelte stader på Vestlandet.