Gå til sidens hovedinnhold

Stenger Fodnestunnelen – leire i køyrebana

Klokka 10.45 onsdag føremiddag melder politiet at Fodnestunnelen på riksveg 5 i Lærdal er stengt.

Det er meldt frå om leire i køyrebana, og det skal visstnok vere eit gjentakande problem, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Vegtrafikksentralen Vest har sendt entreprenør til staden.

Det har også gått steinras denne onsdagen.

Klokka 09.35 vart det meldt om steinras på fylkesveg 5600 ved Eitreneset, mellom Vikøyri og Arnafjord i Sogn. Ifølge politiet sin tweet dreier det seg om ein stor stein.

Vegen blir ikkje opna i dag, melder Vegtrafikksentralen vest.

Kommentarer til denne saken