– Avinor har valt å stenge ned ni kortbaneflyplassar i første omgang, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Bringeland lufthamn.

– Det er for å sikre at vi har bemanning for å halde opne nokre flyplassar, i alle fall, i tilfelle tilsette på andre flyplassar hamnar i karantene eller blir sjuke, seier Gjesdal.

Flyplassen blir stengt for all rutegåande trafikk frå og med midnatt natt til onsdag 18. mars. Det vil bli halde ein beredskap for ambulansefly.

– Etter det vil det bli sett opp bussar til og frå Florø frå flyplassen for reisande frå Førde, seier Gjesdal.

Dei tilsette ved Bringeland lufthamn har fått melding om at dei kan bli overførte til andre flyplassar, dersom det skulle bli naudsynt.

– Flyselskapa reduserer jo og aktiviteten sin no. Eg reknar med at Widerøe snart kjem ut med ein ny og revidert rutetabell. Eg veit at dei arbeider med, det, seier Gjesdal.

Skal møte på jobb

Dei tilsette blir førebels ikkje permitterte.

– Dei som er på jobb skal møte på jobb, og så får vi sjå etter kvart. Det er jo ferskt, dette her.

Helikoptertrafikken på Bringeland blir ikkje påverka av stenginga.

Desse blir stengde

Dei ni flyplassane som blir stengt er:

Vardø (Alternativ lufthavn Vadsø)

Berlevåg (Alternativ lufthavn Båtsfjord)

Sørkjosen (Alternativ lufthavn Tromsø)

Stokmarknes (Alternativ lufthavn Andøya)

Svolvær (Alternativ lufthavn Leknes eller Evenes)

Mo i Rana (Alternativ lufthavn Sandnessjøen)

Mosjøen (Alternativ lufthavn Sandnessjøen)

Førde (Alternativ lufthavn Sogndal eller Florø)

Sandane (Alternativ lufthavn Ørsta/Volda eller Florø)