Stenger E39 mellom Byrkjelo og Sandane på kvelds- og nattetid

GULLKISTA: Her blir det stengt kvar natt fram til påske.

GULLKISTA: Her blir det stengt kvar natt fram til påske. Foto:

Kan vere lurt å planlegge om du skal nordover i det gjeldande tidsrommet.

DEL

Statens vegvesen skal gjere fjellsikringsarbeid langs E39 mellom Byrkjelo og Sandane. I samband med dette stenger dei vegen ved Gullkista.

Stenginga gjeld på vekedagar, mellom klokka 20.00 til 06.00, frå 23. mars til 9. april.

Vegen blir opna for gjennomkøyring klokka 21.00, 22.00, 23.00 og 03.00.

Ein alternativ veg for dei som skal nordover er å køyre over Utvikfjellet og følge Fylkesveg 60 til Stryn, deretter følge Riksveg 15 til den koplar seg på E39 ved Hornindalsvatnet.

Artikkeltags