Stenger del av fv. 5730 på kveld og natt

Arbeidet startar søndag 16. august.

DEL

Ein mur langs fv. 5739 ved Åvatnet i Hyen er i så dårleg forfatning at den må skriftast ut.

Det skriv Vestland fylke i ei pressemelding.

Arbeidet krev lange stengingar på kveld og natt, og startar søndag 16. august. Første stengeperiode er frå klokka 20.00, med ei opning av vegen frå klokka 23.00 til 24.00. Frå midnatt vert vegen stengd fram til klokka seks neste morgon.

Arbeidet går frå søndag kveld til torsdag morgon dei neste seks vekene. Frå torsdag klokka 06.00 og fram til søndag klokka 20.00 er vegen open for fri ferdsel.

Det er i utgangspunktet sett av seks veker med kveld- og nattestenging, men det vil vere anleggsarbeid på staden fram til midten av desember.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken