Gå til sidens hovedinnhold

Stengde Naustdalstunnelen etter ambulanse-uhell

Klokka 16.40 torsdag meldte Statens vegvesen om at Naustdalstunnelen på riksveg 5 er stengd på grunn av oppryddingsarbeid.

Trafikkoperatør Kristian Fausken ved Vegtrafikksentralen vest seier til Firda at det er snakk om ei mindre hending som har skjedd i tunnelen.

– Ein ambulanse har knust spegelen sin, seier han.

Kva som er årsaka til dette, kunne ikkje Fauskan svare på. Han kjenner heller ikkje til om ambulansen var på utrykking då hendinga skjedde.

Det er usikkert kor lenge tunnelen vil vere stengd.

– Entreprenøren skal hive seg rundt med ein gong, seier Fauskan klokka 16.45.'

Klokka 17.19 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var open igjen.