Gå til sidens hovedinnhold

Steinsprang på fylkesveg 609

Vegen er stengd til geolog har vore på staden.

– Det har gått eit ras fredag kveld, med steinar store som fotballar og nokre greiner, seier vegtrafikkoperatør Tore Tysse i Vegtrafikksentralen om raset på fylkesveg 609 ved Hundsåna.

Han fortel at vegtrafikksentralen fekk melding om raset klokka 2245.

– Vegen er no stengd, og geolog og entreprenør skal reise ut når det lysnar, seier Tysse.

Den rasutsette vegstrekka der det den siste tida har vore fleire steinsprang, vert difor stengd fram til klokka 11.

– Då skal vi komme med ei ny vurdering.

Vegtrafikkoperatøren rår nysgjerrige til å halde avstand til raset.

Les også

Fylkesveg 609 blir nattestengd i to veker

Les også

Fylkesveg 609 stengt grunna steinras

Les også

Tre steinsprang på kort tid: – Føler vi køyrer med livet som innsats

Kommentarer til denne saken