Vegtrafikksentralen Vest melde tysdag like over klokka 18 om eit steinskred ved Skredvika på rv. 5 mellom Førde og Naustdal.
Skredet skal ha komme ut i vegbana, og entreprenør vart sendt til staden.
Trafikkoperatør Christer Eide fortalde til Firda at det skal ha komme ein del stein ut i vegbana. Steinane har han fått skildra til å vere om lag på storleik med handballar.
Det var då passasje, men bilistar vart bedne om å vere obs ved passering.
Har du bilde av skredet? Send gjerne til oss på redaksjon@firda.no.
Siste frå raset:
Les også
Rv.5-raset: Entreprenør kom til staden, men fann ingenting