Steinras stenger veg i Luster. Kan ta fleire dagar før vegen opnar igjen

Ein geolog undersøkjer laurdag morgon det to meter høge raset som stenger fylkesveg 5637 i Luster.

DEL

Fredag kveld gjekk det eit steinras over fylkesveg 5637 i Luster. Raset skal ha gått mellom Skjolden og Galdanetunnelen, og vegen er stengt frå Skjolden brygge og om lag seks kilometer sørover.

– Raset er om lag to meter høgt. Ein geolog har begynt på vurdering av området, og skal sjå om det går an å begynne rydding. Slik han kunne sjå det frå vegen såg ikkje raset så verst ut, men han ville også ut med drone, seier Tore Tysse i Vegtrafikksentralen Vest.

Tysse seier at han reknar med ryddinga vil starte så raskt som mogleg.

– Eg har ikkje fått noko antydning på at ein vil vente med å få rydda vegen. Akkurat no er det eigentleg veldig vanskeleg å sei kor lang tid det vil ta før vegen opnar igjen, men entreprenør har antyda at det kan ta opp til tre til fire dagar, seier han.

Klokka tre i natt gjekk det også eit ras i Gudvangen i Voss.

– Det har rasa ein del større stein som er fleire hundre kilo tunge, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Raset har gått ved Stalheimselvi, ved krysset til E16.

Artikkeltags