Gå til sidens hovedinnhold

Steinras stengde vegen mellom Vik og Vangsnes

Artikkelen er over 1 år gammel

Det har nyleg gått eit steinras ved Galden på rv. 13, melder Vegtrafikksentralen Vest søndag. Vegen er no rydda, og det er fri ferdsel.

Dei melder om raset klokka 18.14.

Raset skal ha gått ved Galden på rv. 13 mellom Vik og Vangsnes.

Entreprenør er sendt til staden, melder Vegtrafikksentralen.

SISTE: Vegen skal no vere open att for trafikk.

Kommentarer til denne saken