Gå til sidens hovedinnhold

Steinras stengde fylkesveg 615 – vegen er no opna

Vart opna klokka 15.55.

Fylkesveg 615 vart stengd ved Hopsvatnet nær Hope i Hyen, etter at det gjekk eit steinras tysdag.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Jørgen Bødkter, fortel til Firda at dei fått melding om ei stor steinblokk som skal ligge midt i vegen.

– Innringar skildra blokka på størrelse med ein liten bil, seier Bødkter.

Bødkter har ikkje fått melding om at det var bilar eller personar i nærleiken då steinen rasa.

Entreprenør er varsla.

Klokka 14.50 melder Vegtrafikksentralen at vegen vil bli opna til kvelden. Ein kontrabeskjed kom klokka 15.56: Då hadde ein fått beskjed om at vegen var opna etter at ein hadde fått rydda vegen.

Kommentarer til denne saken